Gjør som tusenvis av andre debattglade nordmenn og følg oss på Instagram.
Nostrum
Jeune.no («skjønn») er et studentdrevet talerør for unge. Gjør som over 300 andre unge og skriv for Jeune.

- Venstresida trur på alle - ikkje berre eliten

21.6.2021
No items found.
Dette innlegget er skrevet av
Kristian Mateo Norheim, Rødt
handler om
Portrettbilde: Privat. Hovedbilde: Bernt Sønvisen, hentet fra APs pressbilder.

Anniken Elisenberg skriv i Jeune at venstresida i norsk politikk ikkje har trua på elevane. Dette er ein påstand ho ikkje har grunnlag for. Difor kan eg heller ikkje la den stå utan å seie noko i mot. Fakta er at venstresida trur på alle elevane, ikkje berre dei beste.



I innlegget tar ho opp ein viktig debatt - nemleg korleis opplegget rundt val av vidaregåande skule skal vere i Norge. I denne debatten må ein først kalla ein spade for ein spade. Høgre ynskjer eit karakterbasert opptak til vidaregåande skule. Fakta er at det er karakterane som er avgjerande. Det Høgre kallar «fritt skuleval» er kun fritt for dei elevane med best karakterar.



Vidare skriv ho at venstresida sitt argument om at karakterbasert opptak aukar skilnadane er eit dårleg skalkeskjul for å ta frå elevar valfridom. Dette er også eit argument som det ikkje er hald i. Karakterbasert opptak vil ikkje berre reprodusere skilnadane i samfunnet, men også forsterka dei.



Forskning frå både Norge og utlandet viser at inntak i skulesystem basert på konkurranse fører til auka økonomisk og sosial segregering mellom skular. Samstundes blir reisevegane lengre og faren for at fleire fell frå aukar.



For å setje det litt på spissen vil karakterbasert opptak fungere akkurat slik dei borgarlege ynskjer - det vil sikre eit klassesystem med lite sosial mobilitet. Slik vil makteliten sikre at dei held fram å sitje på toppen og auka storleiken på si eiga lommebok.



Rødt er for valfridom for alle - ikkje berre eliten. Eit grunnleggjande prinsipp frå Karl Marx’ lære er eit sterkt demokrati med mål om eit klasselaust samfunn. Eg er for eit klasselaust samfunn fordi det er faktisk det som gir valfridom til alle. Høgre og deira kapitalistiske ideologi gjev valfridom til dei rike og flinkaste, og ein falsk valfridom for resten.



Me trengjer eit system som gjev like høve for alle, fører til sosial utjamning og som motverkar karakterpress. Per idag er nærskule-prinsippet det beste alternativet.

Vipps til #665544 for å støtte studentene bak denne nettsiden.